Gromjentene Elsa og Svanhild
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Sep 2019
Arkivfoto
Elsa Welle og Svanhild
Brunstad er engasjerte kvinner med mange jarn i elden opp gjennom åra i
Velledalen. Mest kjende er dei kanskje i samband med arbeid kring bedehuset i Velledalen
og Velledals-seminaret sine vellukka arrangement.
Men også på andre felt har
kvinnene markert seg. Eksempelvis med friviljug kjøkkenteneste under Konradløp
og Førjulsmesse. Eller med å gi rause gåver til utloddning, heilt av eigen fri
vilje.
For ikkje lenge sidan «tikka»
det inn ein ny samtale frå Svanhild. Der ho fortalde at Elsa og ho hadde kjøpt
ein reisekoffert som Velledalen IL skulle få til utloddning.
-
Vi veit kva dokke
står for, og vi set pris på det, ho Elsa og eg, fortalde Svanhild.
Kofferten er alt levert
Velledalen IL, og vil verte sett opp på basarbøkene til Førjulsmessa 2019 (16.
og 17. november).
Stor takk til to sanne
gromjenter, Elsa Welle og Svanhild Brunstad!!