Myhre og Vanebo var der
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Sep 2019
Det vil seie, så heilt
unge er dei ikkje lenger, Roger Andre Vanebo og Jan Helge Myhre. Men spring
gjer dei framleis, no i klasse 55-59 år. Distansen var drygt 21 000 meter,
også kalla halvmaraton.
I klasse 55-59 år for
herrar kom 320 utøvarar til mål, og dei to brøvolls-karane gjorde det slik:
94. Roger Andre Vanebo, 1.48.53
125. Jan Helge Myhre, 1.52.53
Som vi ser pene plasseringar av to karar som heilt klart burde
representert Velledalen IL.
Vi registerer også at Roger så vidt heldt høgare snittfart enn
Elisabeth Hetlevik. Ho gjorde 52.23 under «10 for Grete». Som heldt til ein
framifrå 13.plass i klasse K 55-59.
PS. Roger imponerer med stor allsidigheit i 2019. Tidlegare har vi
meldt at han deltok i NM i triathlon, sprint. For kort tid sidan fann vi han på
resultatlistene under veteran-NM i orientering.
I Oslo sprang han heilt sikkert på autopilot, utan kart og kompass i
alle fall.
PS 2. Vi oppmodar gutane
frå Brøvoll om å sende eit foto frå helga til VIL-Nett (atlehole@online.no)