Resultat-justering for Njål

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Sep 2019

Det er slikt som skjer
under store arrangement. Men vi reknar med at lista no er endeleg som betyr
18.plass totalt og fjerde beste tid i klasse 35-39 år. Berre slegen av ein
finne, ein franskmann og ein polakk.

Her er topp-6 Oslo Maraton 2019 klasse M 35-39 år:

1. Otto Laitinen, Finland, 2.37.19

2. Loyer Ronan, Frankrike 2.43.00

3. Filip Szpecht, Polen, 2.43.45

4. Njål Torillson Tyssing, VIL-friidrett, 2.44.34

5. Mattias Ekman, Sverige, 2.47.57

6. Andreas Haraldsen, Runar IL, 2.51.51

PS. Vi gjer merksam på at Brunstad-ekspressen
(Sverre Gunnar Brunstad) har betre maraton-tid enn Njål, men representerte då
Lørenskog FIL. Difor er Njål-tida klubbrekord for Velledalen IL.