Herlege Njål – sprang maraton på 2.44.34 i Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Sep 2019

Du Njål, du Njål – dette var
stort!

Dagen før løpet uttala han
til VIL-Nett:

 -
   

 Eg køyrer etter
eit skjema på fire minutt på kilometeren. Det vil gi ei sluttid på ca 2.48.40.
Eg ser på målsettinga som litt usannsynleg, men ein må vel satse litt ein gong
i blant. Og heller brenne seg litt.

Men Njål brende seg ikkje
denne vakre dagen. Langt der i frå. Her er passeringane og km-farta på kvart
strekk:

5 km: 19.51 – 3.59 i
km-fart

10 km: 39.04 – 3.51 i km-fart
mell
 om
5 og 10 km

15 km: 58.33 – 3.54 mellom 10 og 15 km

20 km 1.18.11 – 3.56 mellom 15 og 20 km

Halvmaraton: 1.22.08 – 3.36 mellom 20 og 21,1 km

25 km: 1.37.36 – 3.58 mellom 21,1 og 25 km

30 km: 1.56.51 – 3.51 mellom 25 og 30 km

35 km: 2.16.44 – 3.59 mellom 30 og 35 km

40 km: 2.36.40 – 4.00 mellom 35 og 40 km

42,2 (mål): 2.44.34 – 3.36 mellom 40 og 42,2 km

Njål Torillson Tyssing
vart nummer 17 total, av samtlege som sprang heilmaraton i Oslo. Han vart
nummer tre i klasse 35-39 år, slegen av ein finne og ein polakk. Njål vart med
andre ord beste nordmann i klasse 35-39 år. Heile Velledalen IL, med
friidrettsleiar AP Bøe i spissen, er stolte av Njål sin prestasjon i dag!

Thomas Asgautsen,
Stavanger FIK, vann Oslo maraton 2019 på tida 2 26.54. Held Njål fram med å
perse med seks minutt per år, er det ikkje lenge før han er nede på same tid.

Gratulerer til Njål,
familien, støtteapparatet og Osloavdelinga – DETTE VAR KRUT!!!