Per Inge sterk i «Blodslitet»

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Sep 2019

«Blodslitet» har lang fartstid. Løpet sist veke var det 38. i rekkja. 37 løparar kom til mål
denne gongen, av desse fem kvinner. Janne Elin Vatnaland frå Sirit Stavanger FIK, leverte tida
28.21 som beste kvinne. Velledalen IL var ikkje representert i kvinneklassa denne gongen.

Men på herresida hadde vi med Svein Arne Nakken (50-54 år) og Per Inge Bjørnestad (45-49
år). Begge leverte godt. Per Inge vann 45-49 år på 26.31, medan Svein vart nummer to i 50-
54 år med tida 31.57. Vinnar i denne klassa vart Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL. Fridtjof har
fått fønvind i håret denne hausten. Vi gratulerer med 62 sekund betre tid i 2019 enn i 2018!

Utdrag av resultatlista for herrar samla i same klasse:

1. Karl Idar Vik, Syvde IL, 25.26
2. Henrik Waagan Skarbø, NTNUI Ålesund, 25.44
3. Per Myren, Driw AS, 25.52
4. Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, 26.31
5. Steffen Grytten, Team Pjask, 26.40
6. Jan Fredrik Nordstrand, Ålesunf, 26.55
20. Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 30.11
24. Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 31.57