Stor idrettshelg i vente

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Aug 2019

31.august er eit klart nasjonalt
høgdepunkt for dei som driv OCR-hinderløp. Sett med VIL-auge vil det seie
Nikolai Handle Jensen og Anette Heimli Jokstad. Begge påmelde i eliteklassa,
der vi håper og trur dei vil få klaff. Resultat kjem på nettsida i løpet av
laurdagen.

Tøffe Bjørg Iren Strøm er
Velledalen IL sin representant i 86 km lange Birkebeinerritte
 t. Tusenvis av
syklistar startar 31.august frå Rena sentrum og kjem i mål ved Håkons Hall på
Lillehammer. Bjørg Iren er debutant og kjenner truleg på ei viss spenning. Lukke
til i morgon!

Lokalt her i Sykkylven er det på o-fronten det skjer denne helga. I
morgon 31.august vert det arrangert o-samling i regi av Møre og Romsdal
o-krets, i samarbeid med Velledalen IL.
 Det
vert treningar både etter sentrums-kartet og i terrenget ovanfor Svartevatnet.
Sundag 1. september vert samlinga avslutta med o-løpet Haustsprinten, arrangert
av Velledalen IL. Løpet går i Ladalen etter «Fjellsætra-kartet» med start frå
klokka 13.00 og utover. Hittil har det kome påmeldingar frå klubbane Førde,
Molde, Emblem og Velledalen. Truleg vert det 50-60 deltakarar.

Ta turen på fjellet
1.september. Du kan delta, du kan vere heiagjeng eller du kan kombinere dette
med kos på Fjellsæterstova. Den er open sundag.