1851 Opp Ned Norddal i helga

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Aug 2019

arkivfoto
Konkurranseklassene var
heller skrinne i Norddal. Lengste løypa som gjekk opp og ned det 1851 meter
høge Torvløysa, samla to kvinner og 14 menn. Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL
beste kvinne med tida 3.36.11 – berre slegen av tre menn. Mathias Dahlberg, Emblem
IL raskaste herre på 3.21.05.

Seks løparar fullførte
Opp/ned Daurmålsfjellet, to kvinner og fire menn. Hanne Hellebust Strand,
Valldal IL, slo alle mannfolka og kom inn på 1.43.17. Beste herreløpar vart
72-åringen Ivar Grønningsæter, Norddal IL, på 2.21.16. Når ein 72-åring vann
klasse 40+, så er det prisverdig. Men det seier også sitt om nivået. 76-åringen
vår, Olaf Einar Øien, var eldstemann på Daurmålsfjellet i konkurranseklassa.
Tida hans vart 3.22.04.