Meir frå Midt-Norsk: - Prioriterte gutane

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2019

Det er ikkje lett å fa alt
til å gå i hop når ein under eit storløp har alle verv frå lagleiar til trenar
til utøvar. Det fekk Pernille erfare andre dag under Midt-Norsk Meisterskap i
Stjørdal. Langdistanse stod på programmet

med like under 440 påmelde

Mikkel starta i klasse
N-open. 1700 meter og 13 startande. Her er det inga tidtaking og ordet «fullført»
er beste skussmålet ein kan få. Noko Mikkel gjorde.

For Tobias i klasse H 9-10
var løypa tøffare. Heile 2630 meter. I denne klassa er det tidtaking, men
resultatlista vert ikkje rangert. Men den viser at Tobias held fylgje med dei
beste.

Her er tidene til dei 10
beste i klasse H 9-10 år:

1. 17.58 – utøvar frå Byåsen
IL

2. 18.20 – frå Verdal OK

3. 18.47 – Stjørdals - Blink Orientering

4. 18.54 – Tobias Ibsen
Lervåg, Velledalen IL

5. 19.20 – frå Freidig

6. 21.53 – frå Freidig

7. 23.15 – frå Steinkjer
OK

8. 25.03 – frå Steinkjer
OK

9. 25.36 – Stjørdals - Blink Orientering

10. 25.59 – frå Byåsen IL

13 startande i klassa.

Som vi ser var Tobias
berre
   56 sekund etter bestemann, og vi
ser det er ikkje akkurat småklubbar konkurrentane representerer.

Når Pernille hadde fått
sønene vel «i hus», var det hennar tur i Selbuskogen. Men å springe to løp på
4330 meter som kortaste line, betyr at ein i verklegheita kanskje alt har
sprunge 9000 meter. Pernille fortel:

 -
   

 Eg kom så mykje
for seint til eigen start at dei hadde pakka saman, og måtte finne fram kart og
startbukk frå bilen. Eg var i utgangspunktet småsliten, og då eg bomma på fyrste
post, miste eg motet og sprang rett til post 5.

Dermed var Pernille mellom
dei som vart diskvalifiserte i klasse D 35 denne gongen.

 -
   

 Slik kan det gå.
Ein må vere så innmari skjerpa både i hovud og kropp i denne sporten for å få
det til, skriv den dyktige o-leiaren vår til VIL-Nett.

Velledalen IL
   trur bestemt Pernille si prioritering under
årets Midt-Norske Meisterskap vil betale seg, ein gong i framtida. Difor rett
gjort i Selbuskogen laurdag, Pernille!!