Flotte VIL-prestasjonar i Midt – Norsk
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Aug 2019
arkivfoto
Og all honnør til dei tre
deltakarane våre. Dei beit godt frå seg mot skarpskodde trøndarar
Vi kan ta klasse H 9-10 år som eksempel. Distanse 1170 meter, 15
startande.
Resultatlista vert ikkje ordna
etter plass-siffer, men det vert teke tider. Som viser at Tobias leverte
glimrande. Her er klubbane til dei ti beste i denne klassa:
1. Freidig
2. Verdal OK
3. Stjørdals-Blink
Orientering
4. Tobias Ibsen Lervåg,
Velledalen IL
5. Steinkjer OK
6. Delt mellom Steinkjer
OK og Byåsen IL
8. Freidig
9. Malvik IL
10. Verdal OK
Som ein ser er
trønder-dominansen enorm, men Tobias Ibsen Lervåg held nivået. Sterkt levert!
Mikkel Ibsen Lervåg starta
i klassa N-Open. Her sprang utøvarane 960 meter utan tidtaking. Mikkel
fullførte
med glans saman med 15 andre.
Ho mor sjølv, Pernille,
starta i D 21. 3220 meter med 24 startande. Klassa med det høgaste nivået.
1. Ingeborg Eide, Byåsen
IL, 16.26
6. Mari Støen Gussiås,
MOI, 20.02 (best frå Møre og Romsdal)
12. Pernille Ibsen Lervåg,
Velledalen IL, 21.11 (nest best frå Møre og Romsdal)
24 løparar starta – 1 løpar
diskvalifisert.
Strekktidene viser at
Pernille har levert eit jamt og stødig løp, heilt utan grove feil. Som vi ser
er avstanden opp til 6.plass berre 1.09 minutt.
Og artig – sjølv om dei
sprang ulik distanse – at Tobias og Pernille begge hadde ei kilometertid på
6.34 i sine løp.
I morgon, laurdag
24.august, står langdistanse på programmet i Størdal. VIL-Nett ynskjer trioen
vår masse lukke til!