Ver med på Ramstaddalsløpet 2019

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2019

Ramstaddalsløpet er eit tradisjonsrikt
trim-stafettløp. Tidsbruken er langt frå det viktige, men heller at born og
vaksne er med å bringe stafettpinnen rundt bygda vår.

 Starten går frå Velledalen Grendahus sundag 25.
august kl. 09:30, og er oppdelte i korte etappar rundt heile ruta og har plass
til deltakarar i alle aldrar.


 Vidare gjeng turen oppover Velledalen, forbi
skianlegget på Fjellsætra (ca. 10:00), ned Fasteindalen, Løset (ca. 11:00),
Andestad, Aure (ca. 12:00), over Sykkylvsbrua, Sørestranda, Fet (ca. 13:00) og
målgong der starten gjekk frå.


 Frå 13:30, etter siste etappe er gjort, er det
sosial samling i Grendahuskjellaren med kaker, kaffi, brus o.l., her med
bileteframsyning av alle vekslingar frå dagen!


 Vi kjem med meir informasjon når løpet nærmar
seg.


 Her er plass til alle! Ta kontakt om du åleine,
med venar, eller med familien vil vere med. Skriv og ditt ønskje om kor i bygda
du vil springe:

 Alf Petter Bøe: 901 62 279

 Svein Arne Nakken: 907 93 343


 Arr. Velledalen Idrettslag

 Friidrett- og langrennsgruppene.