Østremsætra Opp samla 52 deltakarar

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2019

Østremsætra opp er eit
relativt kort motbakkeløp i Ålesund. Løpet samla 52 i konkurranseklassa, i
tillegg til 50 trimmarar. Løpsvinnar vart Kristian Nedregård, Spjelkavik &
Omegn, med tida 25.35. Danske Louise Skak vart beste kvinne på tida 30.20.

Så over til resultata for
våre løparar, Olaf Øien, Svein Arne Nakken, Andreas Mosby Nakken og Sivert
Mosby Nakken

M 75+:

1. Olaf Einar Øien, VIL,
1.05.50 (Olaf sprang diverre feil, og dermed lenger enn dei andre)

M 50-54:

1. Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 31.40

2. Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 33.30

3 John Walderhaug, Max Fritid, 33.32

M 16-17:

1. Andreas Mosby Nakken, Velledalen IL, 30.47

2. Sivert Mosby Nakken, Velledalen IL, 33.26

3. William Gravdal, Vartdal IL, 52.50

Oddfrid Liaskar brukte
44.37 som vinnar av klasse
   K 65-69 år.

Som vi ser av resultata
kom Andreas sterkt tilbake etter at han ikkje var heilt heldig under
karusell-løpet (10 km) i Ålesund sist onsdag. Svein duellerte tett både med
sonen Sivert og ein John Walderhaug i klasse 50-54. Svein tukta Walderhaug, men
kom nokre små sekund bak Sivert. Vi kan vel seie det slik: Sivert skal vere
glad for at faren dagen før Østremsætra Opp, sprang Skåla Opp i Loen, og
gjennom den manøveren svekka yteevna med nokre prosent.