O-trening for store og små på Myrdalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2019

Det nærmar seg o-samling med base på Fjellsætra (31.august) og
Velledalssprinten (1.september). Difor kan det vere lurt å trene litt. Fyrste
treninga etter fellesferien hadde gledeleg stort frammøte, ein trend vi håper
held seg til treninga onsdag.

Der vert løyper for born
og ei eiga løype for vaksne/store born.

Frammøte på Myrdalssætra i
tidsrommet 17.30-18.30.

Det er gratis å delta.