Ålesund Sommarkarusell -3.løp onsdag 14.aug

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2019

arkivfoto
Tredje og siste løpet i
Ålesund Sommarkarusell vert arrangert onsdag 14.august med start klokka 18.00.
Som vanleg valfri løypelengde – 5 km eller 10 km.

Dagen før løpet – klokka 15.00
– hadde 34 deltakarar meldt seg på. Mellom desse fire frå Velledalen IL. Her er
namna:

Andreas Mosby Nakken – 10 km

Olaf Einar Øien – 5 km

Svein Arne Nakken – 5 km

Sivert Mosby Nakken – 5 km

Det kan fort gjort bli
fleire frå VIL, men den siste løps-dagen i Ålesund kolliderer diverre med
o-trening på Myrdalssætra.

Resultata frå siste løpet
får du på VIL-Nett