Sykkylvingar i sykkelritt på heimebane

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Aug 2019

Sykkylven Energi-rittet
vart avvikla sist sundag. 93 kilometer for konkurranseklassa (28 fullførande),

 halve distansen for trimklassa (seks fullf).

Kvartetten som var raskast
i rittet kom alle under to og ein halv time, med Frode Kolvik som den beste på
2.29.46 – kvass sykling!
 Her er tidene til sykkylvingane:

2.38.00: Espen Utgård Sæter, Bergen CK (før Sykkylven SK)

2.46.29: Jan Erik Bårdsgjære (M 50-59)

2.46.29: Jo Sagli (M 50-59)

2.46.33: Per Steinar Linga
(M 40-49)

2.46.33: Arild Mjeltevik
(M 50-59)

2.46.34: Hallstein Vemøy,
ÅOC, men sykkylving av opphav.

Kjetil Fallingen var også
mellom dei startande, men måtte diverre «stå av» denne gongen.

Som ein ser var den klart
yngste, Espen Utgård Sæter, i ei eiga klasse. Dei øvrige særs jamne. Det står
respekt av å sykle to rundar «Rundt Ramstaddalen» på to timar og 46 minutt når
ein har passert 50 år!

Fotoet er henta frå øvre
del av Fasteindalen, ganske så nær Fausaskiftet, på den fyrste runden. Som ein
ser kjem sykkylvingane på rekkje og rad, bak Magne Haugen, ÅOC