NM-medalje til Henrik Johan på Hamar
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Aug 2019
Arkivfoto
Vi har ikkje studert alle
resultatlistene frå NM, men finn i alle fall at Henrik Johan Holmberg har
delteke i tre øvingar, med fylgjande resultat:
Lengdehopp:
11. plass med eit lengste
hopp på 6.49. Dermed fekk Henrik berre tre hopp – eit av dei var dødt – mot seks
hopp for dei beste.
Høgdehopp:
4.plass til Henrik. Dette
er ei øving der han har kapra NM-medaljar i tidlegare meisterskap. Men 1.95
meter heldt ikkje til medalje denne gongen.
110 meter hekk:
3. plass og bronsemedalje
til Henrik Johan. Tida vart 14.76, og vi kan vel seie at han også «snusa» på
sølvmedaljen. 110 meter hekk er ei krevjande øving, der teknikk, koordinasjon
og fart skal stemme i fintsamspel om det korte, raske løpet skal bli vellukka.
Velledalen IL gratulerer
Henrik med NM-medaljen!