Ivar Arne Flo i tet ved Riksheimdalen trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2019

arkivfoto
VIL-Nett har hatt ein
meldar i Riksheimdalen sundag 4.august klokka 11.20. Vedkomande har rapportert
inn denne stoda:

234 turar: Ivar Arne Flo

107 turar: Bård Per Erstad 66 turar: Renathe Belinda Riksheim Oldeide 44 turar: Hildegunn Eikemo Flo

Som vi ser er det berre
rapportert inn fire namn, men det synest som Ivar Arne Flo går mot ein ny
årspremie. Truleg rekk han kring 300 turar før bokskiftet i oktober.

Og med Bård Erstad på
2.plass, viser det seg at det er «gutar over 70 år» som er flittigast i
Riksheimdalen. Det må elles nemnast at Bård har vore trimpost-vinnar samanlagt
ved to høve.

I tida framover vil det
kome små drypp frå dei ulike trimpostane. Som dei fleste truleg veit, plar alle
trimpostvinnarar bli premierte under Velledalen IL sin idrettsgalla.