Sykkelritt i Sykkylven sundag 4.august
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jul 2019
Pressemelding
Søndag førstkomande, 4. august, går
landevegsrittet, Sykkylven Energirittet, av stabelen.
Arrangøren, Sykkylven sykkelklubb, har arrangert
landevegsritt med same namn tidlegare, men i år går løypa i ein ny trassé.
Starten går frå administrasjonslokala til Sykkylven Energi, som har gjeve namn
til rittet, og vidare gjennom Ramstaddalen, opp Fasteindalen, gjennom Ladalen
og Velledalen og tilbake til utgangspunktet. Rundløypa vert sykla to gonger, og
lengda på rittet er om lag 100 kilometer.
Løypa går stort sett på
gode asfaltvegar, men som ei ekstra utfordring for syklistane har arrangøren
lagt inn eit grusparti, opp gjennom Fasteindalen og mot Sunnmørsalpane skiarena.
Dette er også den einaste krevjande stigninga i rittet, og vil nok bidra til å
skilje ryttarane.
Arrangøren venter deltaking frå tursyklistar frå heile fylket, og
oppmodar også lokale trimmarar om å vere med i konkurransen. For den som
ønskjer ein kortare tur, vert det høve til å sykle ein runde, utan tidtaking.