Jordbærdilten: Sivert Nakken størst framgang
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jul 2019
Under det 3,2 km lange
Jordbærdilten i Valldal er klasseinndelinga grei. For hankjønn sin del slik: 15
år og yngre – og menn.
Det betyr at tvillingane,
Sivert og Andreas Nakken, for fyrste gong vart plassert i same klasse som
faren, Svein Arne. I 2018 sprang tvillingane i guteklassa, medan Svein var i
klassa for menn. Men løypa var heilt identisk. Då enda familie-duellen slik:
1. Svein Arne 13.57
2. Andreas 14.18
3. Sivert 15.18
Som vi ser relativt grei
skuring for Svein – då.
Men det skjer mykje på eit
år….
Familie-duellen med alle i
same klasse i 2019 enda med desse tidene
1. Andreas Mosby Nakken
13.13
2. Sivert Mosby Nakken
13.34
3. Svein Arne Nakken 14.24
Alle som har halde seg
oppdaterte på VIL-resultat frå løp siste året, har nok fått med seg at
Nakken-tvillingane har teke sjumilssteg. Vi noterer slik farmgang for
tvillingane i jordbærdilten frå 2018 -2019:
1. Sivert: Fram 1.44 (eitt
minutt og 44 sekund)
2. Andreas: Fram 1.05
(eitt minutt og fem sekund)
Og hugs: Distansen er
ikkje meir enn 3,2 kilometer, så det er snakk om kanonframgang
Og for Svein sin del vitnar
denne reportasjen om ei tid som er forbi; nemleg at han slår sønene sine på
flate løp kortare enn tre kilometer. Jaudå, «naturen» går sin gang – framleis!
Takk til tre blad Nakken
for framifrå innsats i Valldal!