Den gode spurten i Valldal
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jul 2019
Oppløpet under
Jordbærdilten i Valldal er kort. I beste fall 40 meter. Like før oppløpet kjem
ein 90 graders sving. Ut av denne svingen kom Frode Mauren tre meter bak Eskil
Linge Glomnes. Eskil er yngre bror av rekordsettar Iver Matias og ein dyktig
skiløpar.
Slik gjekk det:
Vi formeleg såg at Frode
sjalta ned på lågt gir inn i svingen. Han «rusa» motoren, og vrengde inn eit
høgare gir mot utgangen av svingen. Begge skar grimasar. Frode henta inn
førespranget og vann duellen. 12.15 vart sluttida til Frode, 12.16 på Eskil.
Ei flott oppleving for
alle VIL-sympatisørar!