Emma og Christina gjer det i Hornindal
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jul 2019
arkivfoto
Både Emma og Christina har fullført heilmaraton (42 195 meter) tidlegare. Og ein heilmaraton etter så å seie flat veg er berre blåbær mot 75 km og 5600 høgdemeter ute i terrenget. Noko begge har gjennomført tidlegere under Hornindal Rundt, lang løype.
Største «problemet» for systrene Holmberg kan bli varmen. I alle fall vert væskeinntaket umåteleg viktig.
Fridtjof Fredriksen spring halvmaraton i Hornindal og det same gjer langevågaren, Per Gundersen, i klasse 85 -89 år!! Det er det Konrad Brunstad-ånd over!
Fredag morgon talde løpa i Hornindal 97 påmelde. Ein kan velje mellom fire distansar; heilmaraton, halvmaraton, 10 km, og minimaraton (4,2 km). Ivar Arne Flo spring kortaste distansen, slik at Velledalen IL i skrivande stund har tre av 97 påmelde i Honndalen.
I Valldal vert Jordbærdilten (3,2 km) arrangert same dag. Vi reknar med VIL-deltaking i Valldalen.
Minidilten har start 11.00
Jordbærdilten start 11.45
Påmelding før start løpsdagen!