Stay big-Johan fyller 85 år 22.juli
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jul 2019
Verda rullar vidare i sin jamne tralt, men på eitt felt er endringane små:
Johan Svindseth er framleis rangert øvst av fotballspelarar som trødde sine barneskor i Ramstaddalen. Ein av dei som fyrst vart merksame på Johan sitt talent for fotball var skulelærar Reite:
Du Johan er kvikkast når du kjem deg ut og får tak i fotballen, slo han fast.
Ein heilt rett observasjon, vedgår hovudpersonen.
Vel og bra, men faktisk var det litt tilfeldig at Johan vart målmann i VRF. Og også på dette feltet er det snakk om eit jubileum. Det er nemleg 70 år sidan (1949) Johan kom under lensmann Bernt Tandstad sine vengjer som dreng i lensmannsgarden på Tandstad.
Ei interessant tid, der eg til og med måtte vere med lensmannen når han skulle ut å arrestere folk, minnest Johan om sine tre år som dreng.
Gullklokke
Velledalen og Ringen Fotballag (VRF) vart skipa i 1952. Mandatet til klubben – då som no – var at VRF skulle ta seg av all fotball-aktivitet i krinsane Tandstad og Velledalen. Johan Svindseth var VRF sitt fyrsteval mellom stengene frå starten til langt ut på 60-talet. Han var fyrste spelaren i laget som fekk gullklokke for 200 obligatoriske (kampar i serie- og NM-cup). Han var med på kampane Bygd mot By i åra 1959, 1960 og 1961, og han vart flittig nominert som målmann i Sunnmørsposten sitt «Ukens-11-lag» i sine beste år.
Omgrepet «stay big» (betyr: gjere seg stor)
Johan Svindseth var kjend over heile Sunnmøre som ein plasseringssterk målmann som «las» spelet godt, og med rikt utrusta talegåver. Det vart sagt at han heldt føredrag i kvar einaste kamp, og kom ein angripar åleine mot han, vart han som regel psyka ut før han kom til avslutning. Kom ein angripar åleine mot Johan, kom VRF –målmannen mot han med katteaktige rørsler og orda:
Du lure ikkje meg, du lure ikkje meg, du lure ikkje meg…..
Og skaut den stakkars angriparen utanfor mål, noko dei oftast gjorde, kom det:
Ånei farr, var det ikkje det eg sa…. Du lure ikkje meg!
Omgrepet som i dag er kjend for målmenn verda over – «stay big» - hadde ikkje Johan Svindseth noko forhold til. Han stod mellom stengene i genser med VRF brodert på ryggen og brystet, og knebeskyttarar. Fordi det innanfor 5-meteren var lite gras å finne på dei fleste banar den tida. Stor kjende han seg aldri i det over sju meter breie og 2.44 meter høge målet:
Det er ikkje lett å gjere seg stor når ein frå opphavet av er skapt liten, spinkel og spe. Difor måtte eg markere meg på andre måtar, seier Johan som ofte måtte ha hjelp av eksempelvis Lars Erstad med 5-meters-utsparka om det var litt motvind.
Straffespark i Ørsta
Den kampen Johan hugsar aller best frå VRF-karriera er ein bortekamp mot Ørsta. Han hugsar korkje årstal eller resultat (bortsett frå at VRF vann), men det spesielle med kampen var at Ørsta brende to straffespark. Om Johan redda begge er det delte meiningar om, men etter eigen hugs gjorde han det:
Dei tilreisande frå Velledalen og Straumgjerde fortalde etterpå, at på siste straffesparket var eg så høgt at eg såg ned på tverrliggaren, fortel Johan.
Bedriftsfotball
Etter kring 20 år med klubbfotball, avslutta Johan Svindseth med ti år i bedriftsfotballen for Sandella, verksemda han arbeidde lengst ved i sitt yrkesaktive liv. Laget vann fleire gonger serien for indre Sunnmøre og Johan hugsar spesielt ein kamp i Tafjord.
Eg var så dårleg i ryggen under denne kampen at eg ikkje greidde lute meg ned og ta ballen med hendene. Men eg hadde det i kjeften og dirigerte forsvaret så bra at vi vann kampen 1-0. Etter kampslutt kom ei sint kvinne bort til med og sa:
Neste gong du kjem til Tafjorden så helde du kjeften på deg!
Eg har vore i Tafjorden seinare, men då utan fotballsko.
Æresmedlem
Johan Svindseth har aldri vore redd frivilleg arbeid. Han har lagt ned eit utal timar, særleg på Slettegjerde. Elles har han mange år bak seg som kamp-billettør, og innan loddsal finst knapt hans likemann. Her er den ord-hage eks ramstaddalingen frå Åmund-garden på Melseth ein sann meister. Sjølv dei mest standhaftige og hardhjarta mjuknar når Johan legg ut om gode saker han brenn for.
Han har vidare trena aldersbestemte lag i VRF, han er kåra til «Årets Tilhengjar» og han er æresmedlem i VRF, ein tittel han fekk i 1998, og som heng høgt.
Vi trur vi har idrettsvener frå heile bygda med oss når Velledalen IL her gratulerer ein likandes og mykje avhalden kar – ja, ein retteleg fargeklatt - til lukke med 85 års dagen den 22.juli 2019
Atle Jomar