FF-teamet

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2019

Treningsykta hadde start og mål i Haugsetkrysset ved Aurdal skule og gjekk innover mot enden av Andestadvatnet til vi nådde 5 km. Då snudde vi og sprang same distansen ut att. Planen var å legge oss på 5.15-fart, altså ein relativt roleg langtur. Det greidde vi nesten, gjennomsnittleg km-fart vart skrudd litt opp i forhold til det nøye planlagde "skjemaet" og enda på 5.05 med ei slutt-tid i underkant av 51 minutt. Med på den kjekke treningsturen i varmt og fint sommarver var dei to F-ane, Fridtjof og Frode, samt tre blad Nakken, Svein, Andreas og Sivert.





 FF-teamet tek aldri ferie.