Camp Velledalen 2019 samla 245 deltakarar

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jul 2019

Det fyrste Camp Velledalen
er over. Og det vart suksess for konseptet som dyrkar friluftsliv, mosjon,
trening og læring på ulike plan. I alt deltok 245 personar på dei ulike
aktivitetane. Ingen av dei lokale innbyggjarane deltok på alt, noko det heller
ikkje er meininga at folk skal.

Men fem personar deltok på
alt. Og desse fekk køyrt seg gjennom veka. Dei som gjorde det var Kristoffer
Selmer, Nikolai Handle Jensen og Anette Heimli Jokstad frå Osloavdelinga, pluss
initiativtakarane, Anders Wigdahl og Ellen Marie Hole, frå same avdeling.

Av enkelt-arrangement var
det Terje Aurdal sitt føredrag under «kick off» på Fjøla, og Naturstien ved
Langenesvatnet på dag 2, som trekte mest folk. Alle fjell-turane trekte 10-20
personar. Orienteringa og hindertreninga trekte litt meir enn fjellturane.

Vêret vart særdeles
høveleg arrangements-veka, men var rett og slett skrekkeleg veka før. Så der
var vi heldige. Vi trur dei fleste har med seg gode minne og flotte foto frå
veka. Anders og Ellen er heilt sikkert takknemleg for innspel mot eit neste år,
og tilbakemeldingar på årets veke.

Velledalen IL takkar alle
som bidrog under Camp Velledalen 2019, og ikkje minst takkar vi dei 14 som
representerte Velledalen IL under Ålesund Sommarkarusell. Desse sette verkeleg
laget vårt på kartet.