Camp Velledalen: 70 deltok andre dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2019
13 personar deltok på
langturen Svartevatnet – Myrdalsfjellet – Kleivdalsfjellet – Roaldshorn.
Vert omtala som ein svært
vellukka tur i sol og høveleg temperatur. Dei fleste tok gondolen ned etter ei
avsluttande matøkt i paviljongen. Fotoet er av familien Naustenget, dei einaste
borna som deltok på turen. Sprekt gjort!
Over 50 personar deltok på
kveldsarrangementet – natursti ved Langenesvatnet i regi av Henning Tandstad og
Ann-Helen Hole. Også her svært høveleg vêr. Sosialt og kjekt, og grillmaten
heldt høg klasse. Gjennom naturstien vart konkurranseinstinktet testa. Sigeren
vart delt, vert det meldt.
Alt i alt vart dag to ein
prima dag for arrangørane av Camp Velledalen!