Måndag 8.juli: Kvalitetsøkt på Ikornnes
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2019
Kvalitativt truleg den
beste økta som nokon gong er gjennomført på tartandekket på Ikornnes. Litt
ulikt kva dei enkelte gjennomførte, men Nikolai Handle Jensen køyrde 8 X 1000
meter. Der svakaste kilometer gjekk unna på 3.27. Truleg berre Kjell Magnar
Berli som kunne matcha her lokalt.
Økta vart dominert av
Osloavdelinga i Velledalen IL. Utanom Nikolai, deltok Anette, Anders, «Selmer»
og Ellen frå denne. Hilde har permisjon frå Osloavdelinga og spring no for VIL
sitt Tromsø-kontor. Av meir lokale deltakarar nemner vi den komande klubb-legen
Christina, soldaten Emma og skulelæraren Vegard. Verdt å nemne at mellom mest like mange
tilskodarar og pressefolk fann Jens Christian Hole, som hausten 2019
har som mål å fullføre ein heilmaraton (42 195
meter) på respektabel tid.
Treningsøkta vert omtala som
vellukka