Ny sterk prestasjon av Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jul 2019
Kjell Magnar brukte denne
gongen 10.25.28, kring seks minutt betre enn bestetida hans. Men det seier sitt
at Dynafit-løparen likevel ikkje var nøgd. Denne gongen hadde han håpt å sjå
9-talet, som ville bety at han sletta Jonas Hesthaug sin sunnmørsrekord på
10.00.01.
Halvegs såg alt
tilsynelatande lovande ut. Kjell Magnar passerte då ut frå Horndøla Bru som
nummer tre, berre minuttet bak teten. Og berre fire –fem minutt bak Skjervheim
sin løyperekord i Hornindal (8.52 – åtte timar og 52 minutt). 37 km var
tilbakelagt, 38 stod att.
Men alt var ikkje
rosenraudt for Kjell Magnar. Alt på veg ut frå Horndøla rapporterte han om vanskar
med krampe i beina. Og faktum er at vår mann sleit seg gjennom siste halvdel
med enorme smerter. Men han vart berre passert av ein mann, og når løparen som
var i tet inn til Horndøla Bru måtte bryte, heldt det til ein imponerande
3.plass.
-
Jeg hadde veldig lyst å bryte mange ganger, men det
ga motivasjon å vite at plasseringen var god, og at Bjørn Arve hadde gjort – og
gjorde - en kjempejobb for meg. Jeg følte at å bryte ville være å svikte han.
-
Og alt tyder på at åpningen av løpet ble i hardeste
laget denne gangen, sa Kjell Magnar til VIL-Nett like etter målgang.
Stor takk til Bjørn Arve Brune for verdfull støtte til Kjell Magnar
under det krevjande løpet!
Hornindal Rundt, 75 km, 2019:
1. Paul Ogier, OSI
Friidrett, 9.14.40
2. Vegard Fredheim,
Lillehammer, 9.57.06
3. Kjell Magnar Berli,
Velledalen IL/Dynafit
4. Kristoffer Eftedal,
Sandefjord TIF, 10.48.21
5. Patrick Stangbye, Sky
Blazers, 10.53.25
6. Erland Eldrup, Varegg
Friidrett, 10.54.17
7. Johannes Rummelhoff,
Sky Blazers, 11.21.27
8. Julie Bøbel, Nydalen
Skiklubb, 11.22.43 (beste kvinne – kanonprestasjon!)
9. Colin Thornton,
Isfjorden, 11.30.43
10. Håvard Mo Vaadal,
NTNUI orientering.11.48.04
11. Bjørnar Liaskar, Fysio
Mensendieck, Oslo, 12.02.48.