Sur 4.plass for Roger i triatlon-NM

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jun 2019

Vi veit ikkje korleis
Roger ser på det i dag, men i hans yngre år ville han ikkje kalla ei sluttid på
1.22.37 for sprint. Då ville det vore som ein fotball-kamp, der han vart «teken
av» i det 83.minutt.

Resultat med lokale band:

M 55: 4. Roger A. Vanebo,
1.22.37 (seks fullførande)

M 25: 3. Rebecca
Hjellegjerde 1.22.32 (tre fullførande)

Junior K 17-19: 2. Andrea
Vanebo 1.22.14 (to fullførande)

I ein kommentar til
VIL-Nett seier Roger at det var litt forsmedeleg å hamne fem sekund bak Rebecca
Hjellegjerde i mål.

 -
   

 Hadde eg visst
dette 500 meter før mål skulle eg ha fiksa denne biffen, fortel Bergkameratane
sin mann i ei melding etter løpet.

Nummer to i klasse M 55
var ein engelskmann, så strengt teke hamna Roger på ein flott 3.plass i NM.
Splittida viser at Roger har brukt dryge 16 minutt på symjinga – knappe tre
minutt bak bestemann i klassa. Øvinga på Josanden i barndommen var såleis ikkje
fåfengt – skulle det vise seg etter drygt 40 år!

Velledalen IL gratulerer!!