Far mot dotter i NM triatlon, sprint.

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jun 2019

Dette er ein av dei store
idretts-sensasjonane i Velledalen hittil i 2019. Diverre representerer Roger Bergkameratane.
Hadde han representert Velledalen IL hadde denne deltakinga aspirert sterkt til
ein pris under den komande Idrettsgallaen for 2019.

Triatlon består av
symjing, sykling og springing. Roger A. Vanebo gjorde unna symjeopplæringa si
på Josanden. Ein stad der folk med bustad-adresse Brøvoll, kombinerte bading og
fisking. Symde ein motstraums, kunne ein vinne ti meter terreng framover etter
kring 100 symjetak, på ein god tak. La ein seg derimot av «unna straumen» var
to symjetak nok på same distansen.

Vi veit ikkje – men vil
tru – at når Soon Triatlon-klubb denne helga arrangerer NM er dette i tilnærma
straumlaust vatn. Vi trur Roger hadde gjort det best i sterk motstraum med
dykkar-maske av 1975-årgang på hovudet, men uansett Roger: Du er tøff og
Velledalen IL og andre sympatisørar
   trur
du «står an av» denne gongen også – i klasse M 55. Kjem du deg på land er det
meste gjort. Sykle og springe kan du. Både i med– og motvind.

I klasse K junior 17-19 er
Andrea Vanebo påmeld, så her er det truleg eit far/dotter oppgjer i kjømda.

Og i klasse K 25: Rebecca
Hjellegjerde

Sportsresultat finn ein på
VIL-Nett