St. Hansgaloppen
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2019
Ellen Marie og Anders sprang fredag St Hansgaloppen. Løypa
var om lag 8.6km, med start 21.00 frå Brekke til Maridalen Skole. Inkludert i
startkontigenten var ubegrensa mengde vafler og kaffi til alle startande etter
løpet.
Ein kan velje mellom lang (14km) og kort (8.6km). Begge
løparane til VIL stilte opp i kort utgåve. Løypa var litt tøff med variert
terreng og ein del lange motbakkar. Ei fin blanding mellom grus, asfalt, sti og
gras. Det var fantastisk vêr denne fredagskvelden og eit flott
arrangement!
Anders gjekk av med sigeren i kort løype med tida 36.20, og
innkasserte sin første pengepremie i karriera! Hadde full kontroll på
konkurrentane som jaga eit godt stykke bak.
Ellen Marie vart nummer 4 totalt av alle kvinner, og nummer
2 i si klasse med 43.02.