Løparjentene Hilde og Torild i Tromsø

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2019

MSM er eit maratonløp i
Tromsø som har namnet sitt etter midnattsola – anten den no er å sjå eller
ikkje. Men uansett, løpet samlar særdeles brei internasjonal deltaking. Torild Hole frå Knutgarden på Hole reiste til Tromsø og drog til med eit halvmaraton.
Mållina kryssa ho på 54.plass i klasse 55-59 år på tida 3.21.11. Kvinna bak ho
på resultatlista kom frå USA, kvinna føre frå Singapore. Friskt gjort, Torild!




 Hilde Riksheim Tandstad
nøgde seg med 4,2 kilometer – ein tidels maraton. Ho deltok i klasse kvinner
18+, og slo seg inn til ein imponerande 2.plass av 216 fullførande i klassa


 RESULTAT KVINNER 18+ - 4,2 KILOMETER:


 1. Sigrid Bjørnhaug
Hammer, 17.17


 2. Hilde Riksheim
Tandstad,m 18.00


 3. Anne-Lise Sørensen,
19.32


 4. Randi Kristine Falnes
Olsen, 20.32


 5. Sigrid Gjessine Lind, 20.33


 6. Christine Ursula Johansen, 21.07


 7. Audhild Myrønning, 21.09