Kjell Magnar klassevinnar i Bessegg-løpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2019
arkivfoto- Varden opp (foto Asgeir Tandstad)
Beste sunnmøring (Andreas
Skylstad) vart nummer sju under NM i motbakkeløp. Kjell Magnar var ikkje der,
men ut frå resultata tidlegare i år er det grunn til å tru han ville vorte ein
stad mellom 8 – 12. Då snakkar vi totalt av herrane, uansett klasse.
Men Kjell Magnar låg ikkje
på latsida. Dynafit-løparen deltok i Besseggløpet, der han duellerte med to
karar frå Honindal om totalsigeren, nemleg brørne Kristoffer og Rasmus Haugen.
Dei seks beste i løpet
uansett klasse:
1. Kristoffer Haugen,
1.21.02 (20-29 år)
2. Kjell Magnar Berli,
1.22.22 30-39 år)
3. Rasmus Haugen, 1.22.47
(20-29 år)
4. Eirik Kamstrup Hovind,
1.27.01 (20-29 år)
5. Thomas Foyn, 1.27.33
(20-29 år)
6. Per Often. 1.30.03
(20-29 år)
Den som kom nærast Kjell
Magnar i klasse 30-39 år var Vegard Fredheim frå Lillehammer med 1.30.15. Som
betyr at det mangla sju sekund på ein sigersmargin på åtte minutt. Sterkt!!!!