Nordmarka Skogsmaraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jun 2019
Ellen Marie hatar å konkurrere og kjende seg som vanleg uvel
i eit døgn før start. Kjensla vart ikkje betre då gnagsår melde sin ankomst om
lag halvvegs. Gjekk greit første 6km, men fekk ein liten knekk rett før
halvløpt. Hadde lite sprut att i beina då løypa endelig stupte nedover siste 3
km til mål. Eit seigt løp vart fullført på oppløpet med krampe under begge
føtne.
Anders Wigdahl knalla til med ei sterk plassering både
totalt og si klasse, og han var også nøgd med tida, sjølv om det ikkje vart
pers som håpa. Anders hadde usedvanleg tunge bein av ukjend årsak, og sleit med
å halde farta både oppover og nedover. Etter 12-13 km var han i tvil om han
orka å fullføre, men bestemte seg for å ta ut alt.
Tid: 1:34:33
Totalt:33 av 694
Klasse: 18 av 116
Resultat her: https://live.eqtiming.com/43531#result:161052-0-0-1-1-