Sterkt løp av Andreas i sommarkarusellen

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jun 2019

arkivfoto
62 deltakarar fullførte
opningsløpet i Ålesund Sommarkarusell. 33 utøvarar sprang fem kilometer, 29
sprang ti. 25 kvinner og 37 menn deltok i løpet som går i kontrollmålte løyper.
Andreas Mosby Nakken var åleine frå Velledalen IL denne gongen, men laget vårt
vil kome sterkt tilbake i løp to, 10.juli.

Frode Hoprekstad leverte
eit solid løp på ti kilometer og vart klassevinnar i 50-54 år på tida 44.56. På
denne distansen vart Constantin Rust beste herre på 36.20, medan Louise Skak
vart beste kvinne på 42.53.

Andreas Mosby Nakken vann
klasse 16-17 år på den fine tida 19.53. Han var sekundet føre beste kvinne,
Janne Elin Vatnaland. Marcus Megrund var beste herreløpar på tida 16.13.

Andre løparar frå
Sykkylven på 5 km:

50-54 år: 1. Fridtjof Fredriksen, 20. 54

40-44 år: 1. Irene Mork, 26.43

35-39 år: 3. Olga Decyk, 32.28

23-34 år: Anita Stave, 31.26