Velledalen IL betalar NM-kontingenten
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jun 2019
Ganske mange VIL-løparar
kjem til å stille opp under NM i motbakkeløp 22.juni. Dette vert eit kortreist
NM, med start i Fjørå. Fleire VIL-løparar har alt meldt seg på, og vi kjem
tilbake med namna på alle i troppen når løps-dagen nærmar seg. For å kunne
delta i NM, må klubben ein spring for vere innmeld i Norges Friidrettsforbund.
Kasserar Henning Tandstad
i Velledalen IL opplyser til VIL-Nett at klubben betalar startkontingenten til
alle som er medlemar i VIL. Dei som alt har betalt kontingenten vil få den
refundert.