Geiranger 2019: To klassesigrar til Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jun 2019
Friidrettsleiar i
Velledalen IL, Alf Petter Bøe, vart såpass oppmuntra av den flotte innsatsen i
Geiranger, at han i dag (10.juni) reiser til Stette og deltek i «Kleivane Rundt».
VIL sine klassevinnarar i
Geiranger:
M 75-79 år: 1. Olaf Einar
Øien, 3.56.34
M 45-49 år: 1. Per Inge
Bjørnestad 1.58.21
Per Inge sette ny
personleg bestetid og var tolv minutt og fem sekund føre nummer to i klassa,
Geir Sivertsen.
Fotoet frå toppen av
Dalsnibba viser at Per Inge ikkje er utsliten, der han står saman med vinnaren
av klasse 50-54 år, Erik Røkke.