Geiranger 2019: Kva har du flaska di, Olaf…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jun 2019
Datoen for fotoet er
8.juni 2019. Dagen for den store kraftprøva, Geiranger frå fjord til fjell. Som
vi i ettertid kan fortelje at 532 utøvarar fullførte. Av VIL-medlemar seier vi
gratulerer til fylgjande:
Bjørg Iren Strøm - sykkel
Espen Strøm Grebstad -sykkel
Kjetil Fallingen - sykkel
Per Steinar Linga -sykkel
Radka Vosicka – ultraløp
Per Inge Bjørnestad – Nibbeløp
Kjell Magnar Berli – Nibbeløp
Olaf Einar Øien – Nibbeløp
Svein Arne Nakken – Nibbeløp Mini
Sivert Mosby Nakken – Nibbeløp Mini
Andreas Mosby Nakken – Nibbeløp Mini
Talet denne dagen er
tydelegvis 61. Svein Arne har fått startnummer 661 som deltakarar av Nibbeløpet
Mini. Olaf har fått startnummer 461 i det vesentleg lenger og tøffare
Nibbeløpet.
Men så over til det store
spørsmålet i VIL-miljøet for tida:
-
Kva har du på
flaska di, Olaf…?
Og grunnen til at folk
undrar er enkel. Olaf sprang i år ni minutt raskare som 76-åring, enn han
gjorde i 2018
som 75-åring! Truleg – og vi
legg vekt på ordet TRULEG – har dette noko med innhaldet i flaska å gjere. Dersom
det er slik at Olaf har oppskrifta – og tilgang på - ein «leksir-drikk», som
får folk til å yngjest opp att…… er det naturleg at dette er eit produkt for
Velledalen i Balanse og Nærbutikken i Velledalen.
Difor vil Olaf Øien verte
fylgd med argusauge under Tomasløpet i Straumgjerde 30.juni. Viser han også der
betre takter som 76-åring, enn han gjorde i fjor som 75-åring…..ja, då vil
innhalde
vere i sal i Nærbutikken i
Velledalen like etter sommarferien.