Geiranger 2019: Solid innsats av VIL-syklistane.
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jun 2019
Sykkeltidene var ikkje dei
beste i Geiranger laurdag 8.juni. Både mellom menn og kvinner var avstanden
fram til løyperekordane lang. Men Bjørg Iren Strøm i klasse K 50-59 år sykla
raskare i år (2.10.39) enn i fjor (2.11.05). Samstundes som vinnartida for
beste kvinne var kring seks minutt og 30 sekund svakare enn i fjor, betyr det
at Bjørg Iren Strøm var kring sju minutt nærare beste kvinne i år enn i 2018.
Trass i at alderen går oppover, som ho sa. Honnør også til Torill Øvstedal,
Sykkylven SK, som pressa tida si ned frå 2.45.38 i fjor, til langt finare
2.32.17 i år. Flott damer!!
I klasse M 19-29 år vart
Espen Strøm Grebstad nummer elleve av 17 deltakarar på tida 1.22.08 (1.20.04 i
fjor). Her leverte Espen Utgård Sæther, Bergen CK, sterkt med tida 1.09.55. Det
heldt til 5.plass i klassa.
I klasse M 40-49 år
fullførte heile 65 utøvarar. Mellom desse VIL-medlemane Per Steinar Linga og
Kjetil Fallingen som syklar for Sykkylven SK. Per Steinar kom inn til 19. plass
på 1.33.51 (1.27.49 i fjor), med Kjetil like bak på 22.plass til tida 1.36.08
(1.29.26 i fjor).
Vi kjem tilbake med tider på
fleire lokale utøvarar.