Geiranger 2019: Olaf åleine på trona
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jun 2019
I fjor var Ragnar Seljeset
frå Hornindal og Olaf Einar Øien, Velledalen IL, åleine om å ha gjennomført 25
Nibbeløp av 25 moglege.
Det tykte Ragnar
fekk halde, og han melde seg ikkje på i 2019. Men Olaf gjorde.
I 2018 brukte Olaf 4.05.31
på turen frå Geiranger sentrum til toppen av Dalsnibba. I år gjekk same tur på
3.56.34. Tre sekund som mangla på ni minutt raskare enn i fjor. Og Olaf vann
klasse 75-79 i Geiranger i dag.
Vi håper alle skjønar for
ein gedigen prestasjon dette er. Olaf var 51 år under debuten i løpet. Sidan
har han ikkje sett seg tilbake, men delteke kvart einaste år.