Geiranger 2019: Vi startar med Radka Vosicka
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jun 2019
3000 høgdemeter oppover og 1500 høgdemeter nedover. Radka representerte
Velledalen IL
Eit tøft løp, med start
07.00 frå Norddal. Derifrå over til Eidsdal, nedover bratte stiar til sentrum
av Geiranger, før ein gav seg i veg
etter asfalten
til toppen av
Dalsnibba. 25 utøvarar var påmelde. Av desse fullførte 18, fire hoppa av under
vegs og tre møtte aldri til start.
VIL-Nett var på toppen av Dalsnibba der i tok i mot
dei tre beste herrane:
1. Vegard Fredheim,
Lillehammerm 6.17.53
2. Jøran Grøvdal,
Isfjorden, 6.21.41
3. Morten Eilifsen,
Romsdal Randonee-klubb, 6.30.49
Så køyrde vi nedover i
bil, klare til å hoppe ut og fotografere om vi skulle møte Radka. Vi kom ned
til Djupvasshytta – ingen Radka i sikte. Men brått i ein sving like ved vert
det ropt: STOPP! Bildøra går opp, trafikken bak stoppar (både bilar og
syklande) og nestleiaren i VIL ropar Radka, Radka! Ho svarar med å strekkje
armane mot himmelen og uttrykkjer glede over å sjå oss. Ho har sprunge 52
kilometer. Fem blytunge står att. Sekvensen er over på 10 sekund. Trafikken
kjem i gang igjen, og dataverda fortel oss seinare at resultata i
Geiranger World Heritage Ultra
vart slik:
1. Anna Persson,
Åndalsnes, 7.49.15
2. Mailinn Leikvoll, HSI,
8.04.09
3. Radka Vosicka,
Velledalen IL –friidrett, 8.24.44
Radka sitt andre ultraløp
på 14 dagar