Kanon av Anette i «Tough Viking Oslo»
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jun 2019
arkivfoto
Anette Heimli Jokstad held
fram den gode trenden frå Malmø. I dag tok ho ein råsterk 2.plass av 604
fullførande kvinner i «Tough Viking Oslo». Berre 33 menn og ei kvinne slo
Anette av godt over 1000 fullførande. Vi er imponerte, for vi veit dette er ei
kraftprøve. Løypa er ikkje meir enn 5 km, men dei ulike hindringane syg
krefter. Anette brukte 41.20 på løypa, som mange andre måtte ha 2-3 timar for å
kome seg gjennom.
Her er resultat for dei
seks beste kvinnene:
1. Malin Dahlbäck,
Sverige, 40.40
2. Anette Jokstad, Team
OCR Norway/Velledalen IL, 41.20
3. Maria Johansson,
Sverige, 42.33
4. Camilla Slåtsveen, Team
OCR Norway, 43.34
5. Madeleine Paldan,
Sverige, 44.30
6. Adna Tahirovic, Team
OCR Norway, 46.29