Beitostølen Fjellmaraton – VIL var der
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jun 2019
Beitostølen Fjellmaraton
er ikkje noko lite arrangement, med langt over 1000 deltakarar til saman. 68
utøvarar kryssa mållina på heil maraton-distanse. 448 sprang halve distansen,
medan miniton og «Fjellbukken» samla hadde godt over 600 deltakarar.
Marianne vann «Fjellbukken»
i klasse K 40-44 år på tida 56.06. Over 200 fullførde dette løpet, og Marianne
vart totalt nummer 61 – både kvinner og menn rekna med.
Johan, Sofie og Øystein
sprang alle miniton. Øystein og Sofie i «parløp» som gav tidene 39.46 og 39.47.
Sofie og Johan sprang i klasse 11 år og yngre utan rangert resultatliste. Men
tida til Johan var mellom dei beste i klassa. Og vi merka oss at der var andre
med etternamn Fauske som sprang fort.
Fine prestasjonar og
ganske så sikkert eit morosamt løp.