Flott o-prestasjon av Emil og Mateusz
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mai 2019
arkivfoto
I alt 44 utøvarar deltok
under o-løpet Emblemssprinten. Førde og Molde hadde med kvar sin einsleg
utøvar, Velledalen IL 2, Ørsta IL 4 (hurra for dei) og Emblem IL 36.
Emil Balon deltok i
Råtass-løypa på 1300 meter. Den kom han seg fint gjennom til tida 26.55. Klart
inne mellom beste halvdel av 15 deltakarar. Flott Emil!
Mateusz deltok i
mellomlang løype på 2400 meter med sju deltakarar. Strekktidene viser at
Mateusz fekk ein bom på knappe to minutt på strekket mellom femte og sjette
post. På passering post 6 var Mateusz nede på fjerde plass i klassa. Men
derifrå og inn til mål var Mateusz best, og enda på ein framifrå 2.plass
Dei tre beste i klassa:
1. Harald Godø Gjerdahl,
Emblem IL, 24.55
2. Mateusz Balon,
Velledalen IL 26.55
3. Cornelia Holene, Emblem
IL 27.43