Ikkje o-løp/ trening på Myrdalen 30.mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mai 2019
Det er leiaren i o-gruppa,
Pernille Ibsen Lervåg, som opplyser dette til nettsida. Planen var å køyre eit
opplegg etter same konsept som vart arrangert med samlingsplass på marka
nedanfor Velledalen Naturbarnehage tidlegare i mai. Med andre ord at leik og
kos skulle vere ein del av opplegget. Men når luft-temperaturen ikkje eingong
viser tosifra tal, i tillegg til regn/sluddbyger, seier det seg sjølv at kosen
ikkje vert den same.
Håpet er at tiltaket kan
gjennomførast ved eit seinare høve.