To klassevinnarar til VIL i «Molde 7 topper»
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2019
I fjor vart Kjell Magnar
nummer to i Molde 7 topper. Bak ein sterk o-løpar frå
Emblem IL. I år kontrollerte han inn til siger på tida 1.51.43 i klasse 31-40
år. Eit par hundre løparar sprang same løype som Kjell Magnar.
I fjor sprang Radka feil
under ultraløpet i Molde. Det tykte arrangøren var
leitt og gav henne gratis deltaking i 2019. Radka takka for det og vann like
godt ultraløpet i klasse 31-40 år på tida 7.12.48. Så å seie ein full
arbeidsdag. Totalt vart Radka nummer 25. Og nummer tre av alle kvinner.
I fjor sprang friidrettsleiaren i VIL
, Alf Petter Bøe, inn til 3.plass i klasse 51-60 år på
tida 2.23.35. I år var løypa ein dryg kilometer lenger, men når «AP» likevel kjem
inn på 2.23.48, er det eit prov på at det går rette vegen. Ikkje med alderen,
men med tida. Rett nok måtte utøvaren frå Rindal IL ein plass ned på
resultatlista i år, men 4.plass – og framleis på fyrste ark av resultatlista
(50 stk) totalt – skal ein ikkje kimse av i den sterke konkurransen.
I fjor var Henning Tandstad i støypeskeia
som løpar. Difor deltok han ikkje i Molde. I år
derimot, noterte han sterke 2.28.44. Den tida heldt til 16.plass i den store
klassa 21-30 år. Han var berre sekundet bak Leif Harald Sættem som to gonger
har vunne Fjellsæterrunden på ski, og han slo ein så god løper som Martin
Hauge-Nilsen! På førehand var det tippa at han kunne klare ei tid kring 20
minutt svakare enn «AP», det enda på kring fem. Så eigentleg var Nærbutikk-Henning
største sensasjonen i kvartetten vår.
Grunna fråveret til Team
FF, har vi plass til nokre resultat frå Stranda:
K 21-30 år:
3. Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, 2.20.14
23. Liv Hilde Vågsæter, Stranda, 3.09.02
24. Linda Bjørdal, Stranda, 3.29.13
M 31-40 år:
25. Espen Brudeseth Langlo, Stranda, 2.39.01
PS. Om det kjem til å
tikke inn foto frå Molde i løpet av kvelden, er i skrivande stund heilt i det
blå