«Her, her kommer Molde, og Molde her kommer VIL»
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2019
«Vi gir det vi har, og tar det vi får» heiter det vidare i songen, og i
dag fekk Velledalen IL mykje i Molde. Kjell Magnar vann aktiv-klassa med tida
1.51.43, og hadde med det 70 sekund til gode på romsdalingen Vestad.
Tredjemann kom frå Sogn og Fjordane, medan Anders
Bugge – bror til motbakke-verdsmeister Johan – vart nummer fire.
-
Eg kunne halde
same farta lenger om det var nødvendig, sa Kjell Magnar til VIL-Nett få minutt
etter ein av hans største triumfar gjennom alle tider.
Radka er i tet i klasse
31-40 år i ultraløpet, og Henning Tandstad og Alf Petter Bøe ser også ut til å
gjere fine prestasjonar. Vi kjem tilbake med meir stoff frå Molde.