Molde 7 topper vert arrangert laurdag 25.mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2019
arkivfoto
Alt klokka 08.00 legg
Radka Vosicka ut frå start. Ho er mellom kring 60 utøvarar som spring
ultra-distansen. Om lag 50 menn og ti kvinner stod på startlista då VIL-Nett
sjekka stoda
20 timar før start. Og her
snakkar vi om ei kraftprøve. Det seier seg sjølv med ein distanse på kring 50
kilometer.
I fjor sprang Radka feil i ultra-klasse.
Om arrangøren var å klandre for dette veit vi ikkje, men Radka fekk i alle fall
gratis deltaking dette året. Fint gjort!
Klokka 12.00 er starttida
komen for trioen Henning Tandstad, Alf Petter Bøe og Kjell Magnar Berli. Dei
deltek i den vanlege konkurranse-klassa, som skal gjennom ein distanse på
knappe 20 kilometer. Kjell Magnar vart i fjor nummer to i dette løpet. Kan han
vinne i år…..?
Alf Petter, som er venta å
få ei sterk plassering i klasse 51-60 år, deltok også i 2018, medan Henning
Tandstad er debutant. Trioen veit i høgste grad kva dei går til, sidan dei var
i Molde sist helg og prøvesprang løypa, saman med strandaren Bjørn Arve Brune.
Stranda er bra
representert i løpet. Vi fann desse namna i startlista:
Espen Brudeseth Langlo, Stranda
Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL
Liv Hilde Vågsæter, Stranda
Linda Bjørdal, Stranda
Utøvarane i det nye «FF-teamet»
i Sykkylven fann vi ikkje på startlista. Truleg ligg dei i treningsleir med
tanke på det komande storløpet i Straumgjerde, Tomasløpet (30.juni).
Resultat frå «Molde 7
topper» vil kome på nettsida i løpet av laurdag ettermiddag/kveld.