Emblemssprinten i orientering sundag 26.mai

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mai 2019

Emblemssprinten vert
arrangert av o-gruppa i Emblem IL. Påmelding på Eventor der ein finn naudsynte
opplysningar.

Sprinten har fire ulike
løypealternativ:

1. Råtass-løype på 1,3
kilometer

2. Kort løype – 1,6
kilometer

3. Mellomlang løype – 2,4
kilometer

4. Lang løype – 3,0
kilometer.

Klokka 21.00 onsdag 23.mai
hadde 27 løparar meldt seg på. Diverre ingen frå Velledalen IL. Men her bør vi
vere representerte. Spesielt fordi Emblem IL sine utøvarar alltid har vore
flinke deltakarar på våre arrangement.