Dalemyra nærmar seg kampklar

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2019

FK Sykkylven deler også denne sesongen heimekampane mellom kunstgraset
på Ikornnes og naturgraset i Velledalen. Dalemyra kan ikkje kallast «strøken»,
men er i rimeleg bra stand.

Siste dagane har det vore hektisk dugnadsaktivitet med opprigging av
nye mål og merking av bane. Lengda og breidda på spelebana har vorte ørlite
justert, slik at spelebana denne sesongen vil vere 100 meter lang og 63 meter
brei.

FK Sykkylven vann dei tre fyrste kampane, men 16.mai kom laget ned på
jorda i Hovdebygda. 2-7 nederlaget der både svei og brann, og det er dette
resultatet som skal rettast opp med ein god kamp mot Langevåg.

Vi ynskjer alle velkomne
til Dalemyra på kamp. Om ikkje fotballen vert underhaldande, så stikk innom
stadion-kiosken. Gjennom ein handel der så støttar du Velledalen IL.