Fakta frå Holmenkollstafetten 2019

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mai 2019

Målet var premietida i
klassa (1.12.00), og med 1.05.27 gjekk det brillefint. Sjølv om rapportane frå
Oslo fortel at ikkje alle vekslingane var «strøkne». Laget vårt hadde denne
gongen fire kvinner og elleve menn, i motsetning til vinnarlaget i klasse A1,
Team Ragde Eigedom, som køyrde reint herrelag. Med stort sett karar frå langløp-miljøet
på ski på laget (2XAukland, Gjerdalen, Kardin og Nygård for å nemne nokre).

   Reglane for klasse A1 er no justerte, slik
at ein treng ikkje ha utøvarar av begge kjønn på laget. Tre av dei fem beste i
klassa sprang med reine herrelag, og dei færraste i toppen hadde meir enn 1-2
kvinner på laget.

Velledalen IL sitt lag
hadde sitt «tyngste mannskap» på dei lengste etappane kring midtvegs i
stafetten. På beste punktet i løpet var laget oppe på 36.plass i klassa. Fleire
av våre gjorde sterke etappar.

Her er dei aller beste resultata – av altså 1657
utøvarar på kvar etappe i vår klasse:

39.plass Kjell Magnar
Berli på etp.7

44.plass Sverre Gunnar
Brunstad på etp.5

54.plass Anders Wigdahl på
etp.4

57.plass Njål Torillson
Tyssing på etp.8

102.plass Oskar Johan Hole
på etp.6

Velledalen IL sine tider og plasseringar etter
oppstoda i 2014:

2014: 1.11.52 – nr 235 i
A1 – seks kvinner/ni menn

2015: 1.07.40 – nr 79 i A1
– fire kvinner/ elleve menn

2016: 1.06.44 – nr 45 i A1
– tre kvinner/ tolv menn

2017: 1.03.46 – nr28 i A1 - fire kvinner/elleve menn

2018: 1.09.13 – nr 136 i
A1 – tre kvinner/ tolv menn

2019: 1.05.27 – nr 56 i A1
– fire kvinner/elleve menn

Tid beste lag i A1 i 2019:
54.27

Tid Velledalen IL i 2019:
1.05.27

Tid svakaste lag i A1 i
2019: 2.24.49

Vi nemner at
løyperekordhaldaren i Konradløpet, Ebrahim Abdulaziz, sprang for Strindheim IL
sitt lag som vart nummer to i eliteklassa. Det same gjorde Iver Matias Linge
Glomnes frå Valldal.

Mange har sikkert fått med
seg at Sverre Gunnar Brunstad og Anders Wigdahl var «stand in»

for Petter Northug jr. i
eit lengre intervju med TV2 i beste sendetid laurdag. Her fekk Velledalen IL
verkeleg markert seg, og sjølv om vi minkar i Velledalen, veks vi andre stadar
i kongeriket. Vi takkar alle løparane våre, og
gjesteløparane spesielt, for dette var solid lagarbeid heilt frå tenåringsalder
til dei over 50.

PS. Bestetida til
Velledalen IL i Holmenkollstafetten frå tidleg på 1980-talet er 54.42. Den
gongen med reint herrelag og alle løparar under 40 år