Holmenkollstafetten 2019
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2019
«Trøyene er komne, og
laget er klart!» kan friidrettsleiar Alf Petter Bøe konstatere. Han fekk
assistanse av kasserar Henning Tandstad til å velje farge. Trøyene er rosa, i
teknisk materiale, med logoen til laget i front, og Velledalen IL som tekst på
ryggen. Vi takkar Morten Holmberg for god hjelp med produksjonen av desse.
Den siste tida har Bøe
fått samla laget som skal representere Velledalen IL i Oslo laurdag 11. mai. I
samarbeid med kasseraren har dei synsa, grubla og tenkt, og etter kvart fordelt
etappane til dei utvalde løparane, og utforma eit solid lag for 2019-utgåva av
stafetten.
Velledalen IL stiller
i år som før lag i klasse A1 (Mix fleirtal menn) med start frå St.
Hanshaugen/Knud Knudsens plass kl. 14:55. Dette er nest tidlegaste start i
gruppa.
Vi samlast ved Bislett Stadion
seinast kl.
13:00 for utdeling av startnummer og informasjon.
Her er oversikt over etappene.
Etappe 1: Førsteetappa (1100 m.)
Klar til start 14:50.
Ingrid Ragnarsøn
spring første etappe frå Knud Knudsens plass. Etappa
inneheld ein slak motbakke, og ein slak nedoverbakke og endar i Louises gate.
Etappe 2: Norabakken
(1070 m.) Klar 14:50
Lisbeth Elvebakk
tek over stafettpinnen etter Ingrid og
fortsetter i slak nedoverbakke, forbi Bislett Stadion og opp den relativt
bratte «Norabakken» til Pilestredet.
Etappe 3: Pilestredet/Ullevålsveien (600
m.) Klar 14:55
Håkon
Fedt
er med på lasset «heimafrå» og spring ei
etappe som startar flatt, gjeng over i slak motbakke til løypa kryssar
Kirkeveien. Avsluttast med fartsfylte 100 meter i slak nedoverbakke. Han
vekslar ved Wilhelm Færdens vei.
Etappe 4: Berg og Dal
(1910 m.) Klar 14:55
Anders Wigdahl
er eit kjent namn frå Velledalen IL si austlandsavdeling,
og skal ta fatt på etappa som gjeng i nærleiken av, og gjennom,
universitetetområdet på Blindern. Ei tøff etappe med fleire motbakkar og
nedoverbakkar. Skal gi frå seg stafettpinnen i Forskningsveien.
Etappe 5: Vinderen
(1260 m.) Klar 15:00
Alf Petter Bøe
er og komen frå vestlandet for å vere med på
stafett. Etappa startar med 200 meter motbakke, under Gaustad T-banestasjon, og
vidare i nedoverbakke med unntak av 150 meter slak motbakke inn mot veksling.
Etappe 6: Lille Besserud (1240 m.) Klar
15:05
Oskar
Johan Hole
skyt fart inn i ein slak nedoverbakke,
før han gjeng inn i ein tøff bakke med opp mot 9% stigning.
Rundar etterkvart toppen og vekslar ved
Slemdal Skule.
Etappe 7: Kongeetappa
(1790 m.) Klar 15:10
Kjell Magnar Berli
er den tredje av fem tilreisande frå Sunnmøre.
Han er rett mann for kongeetappa «Store Besserud». Ei lang etappe med start på
150 meters høgde, og veksling på 240 meter.
Etappe 8: «Ondabakken»
(1810 m.) Klar 15:15
Njål Torillson Tyssing
tek fatt på den fartsfylte utforbakken frå
Besserud ned mot Gressbanen. Her er det kutting av svingar som gjeld for å
finne raskaste veg. Flatar ut inn mot veksling.
Etappe 9:
Holmendammen (630 m.) Klar 15:20
Ellen Marie Hole
er år etter år ein viktig del av VIL sitt lag
i Holmenkollstafetten. Ho vert eit friskt pust midt mellom alle karane rundt
midtvegs i løpet. Ho er den utvalde til etappa som vekslar med Holmendammen. Også
ei fartsfylt etappe i slak nedoverbakke.
Etappe 10: Longeetappa
(2840 m.) Klar 15:20
Sverre Gunnar Brunstad
er eit sikkert val på stafettens lengste
etappe. Startar i ein lang utforbakke, og endar meir variert før vekslinga ved
starten av Frognerparken.
Etappe 11: Frognerparken (1530 m.) Klar
15:30
Øistein
Olsen
får springe på grusen gjennom Frognerparken.
Etter ei bratt kneik heilt i
starten går etappa vidare i lett terreng. Avsluttast med ein motbakke før
veksling i Nordraaks gate.
Etappe 12:
Korteetappa (370 m.) Klar 15:35
Ole-Peder Kristian Holmberg
er komen til byen og er godt kjend med 12 etappe.
Ei kort, rask og flat etappe som svinger 90 grader etter 100 meter, og vekslar
Arno Bergs plass.
Etappe 13: Uranienborg
(1080 m.) Klar 15:35
Henning Tandstad
er siste tilreisande og prøvar seg på samme
etappe som i debuten i fjor. Startar i lett nedoverbakke, og fortsetter slakt
oppover til veksling ved Camilla Collets vei.
Etappe 14:
Sjarmøretappen (720 m.) Klar 15:40
Roger Malvin Hole
er VIL sin høvding på austlandet. I tillegg er
han fjernsynssjarmør og fær av den grunn sjarmøretappa. Gjeng beint fram mot
Bislett stadion med ein liten knekk til siste veksling. Slakt nedover i
starten, slak motbakke rundt halvvegs.
Etappe 15: Bislett Stadion (500 m.) Klar
15:40
Selma
Hole Strømsnes
fær æra av å springe inn på Bislett
stadion og passere målstreken på tartandekke. Ho fær overlevert stafettpinnen
frå onkel Roger, og set fart ved longsida utanfor stadion.
Ei lita kneik og ein krapp sving fører ho inn
Maratonporten, der ho med stoltheit kan springe i mål med stafettpinnen, og
fullføre løpet for Velledalen Idrettslag.
Målgong venta rundt
kl. 16:00.
Vi ønskjer dei
reisande god tur, og alle 15 utvalde eit problemfritt løp i Oslo, og lukke til!